mandag 28. mai 2012

litt tur-muligheter i min nærhet

Det har vorte lite handarbeide den siste tida - med så nydelig vær og god varme har me heller vore på tur. Her er ett bilde frå husedalen og fossane en kan sjå på turen oppover. Me gjekk langs røyrgata og den opprinnelige stien oppover denne gongen. Mykje vatn gjorde at det vart litt hopp og sprell men me kom oss over og opp uten å bli for våte

Her er me komen til topps og ser utover og nedover mot fjorden igjen- like borti der begynner fossen ... nydelig utsikt!  Bildene vart litt mørke, dei er tatt berre med mobil kamera og sola laga litt skygge så dei er ikkje heilt rettferdige mot den flotte naturen! Heimatt gjekk me nedover traktorvegen - det er ikkje like spennande .. ;o)


I pinsen har me vore en liten tur innom denne idyllen - heller ikkje her et bra bilde, det er tatt med tanke på å lage trapp nedover til verandaen de skimtar i front der men tok det med likevel ;o) 

Ellers har eg "avslutta" pinse-helga med overraskelseskonserten til Hardanger musikk fest, ett arrangement eg verkelig kan anbefale om du ikkje har andre planar for 17 mai helga til neste år!! 

- ønsker alle ei trivelig veke (no skal eg sy litt igjen;o) )

fredag 18. mai 2012

Ferdig strikka ;o)

I mange år har eg unngått strikkepinner - eg får så lett seneverk... men så "måtte eg jo ha med meg noko å gjere på " når me skulle på tur og då falt valget på tjukke pinnar og ett enkelt mønster med raglan felling. Det er min første genser med slik felling men det blir ikkje den siste...  - det var jo så lettvint!   Denne er strikka i pt sumatra og plum, bomull og sytråd-tynn ulltråd - i Norge er det jo greit at også sommergenseren har innslag av ull  ...eller  ;o)
Det var ikkje så lett å få til bilder av meg sjøl i ny genser men så fekk eg yngste datter til å være modell!

Eg vart veldig fornøgd med å få til denne kanten - det "gjorde" seg syntes eg
No har genseren vore en tur i vaskemaskina - på kaldvask - og det gjekk også bra -  så no er eg nesten klar for ett nytt strikke prosjekt ;o)
- ønsker velkommen til nye følgere og ellers alle som er innom;
Ei riktig flott helg!!

torsdag 17. mai 2012

- ønsker ALLE en strålende flott 17 mai - hipp hipp HURRA!!!

søndag 6. mai 2012

Eg strikkar litt ..

og har nesten ikkje sydd denne veka.... men her er et bilde av et rundpinne etui og ett penal som skal til salgskorga etterkvart.
Kjekt med mønster og mål på penal i siste QM!

tirsdag 1. mai 2012

Fatquatershop.com


No veit eg kor eg fann stoffet med kattane på, frå forrige innlegg :O)

Dersom du går til fatquatershop.com og søker på ordet cats, burde du få opp det riktige.
Det er ett Robert Kaufmann stoff - søk gjerne direkte på designeren - det er mykje fint å sjå/kjøpe!


Ønsker alle en flott 1 mai! Kanskje brukar du dagen ved symaskina eller i hagen - for min del blir det strikketøy og solstolen idag ;O)

klem fra Margit
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

Populære innlegg